| Oppdragsverksemda i Statistisk sentralbyrå (SSB) omfattar innsamling og utarbeiding av statistikk innanfor spesialområde. Oppdraga kan også gjelde spesiell handtering av data som allereie er innsamla og forskingsoppdrag som er baserte på talmateriale frå SSB. SSB sel årleg oppdrag for om lag 180 millionar kroner og har kundar i både offentleg og privat sektor. Oppdragsverksemda kan delast inn i seks hovudkategoriar: |
Nøl ikkje med å ta kontakt med oss sjølv om du trur at førespurnaden din ikkje dekkjast av det som er nemnt her. Dei andre nettsidene våre vil gi deg ein god peikepinn på kva for område vi produserer statistikk. Vi anbefaler søkjefunksjonen vår for å finne statistikk om det emnet du ønskjer. Til kvar statistikk er det oppnemnt kontaktpersonar.
Du kan kontakte oss på to måtar:
1. Anten ved å ringje eller sende e-post til kontaktpersonane som er gitt opp til kvar statistikk.
2. Eller ved å ringje eller sende e-post til vårt Bibliotek og informasjonssenter, slik at dei tilsette der kan svare deg direkte eller hjelpe deg vidare til rette vedkommande.
Har du allereie ein kommunikasjon med SSB, kan du sjølvsagt ta direkte kontakt med den eller dei du kjenner frå før.