.
Handelsflåten: Grafisk framstilling i Statistisk aarbok for kongeriket Norge, 1902

Om historisk statistikk på ssb.no

Historisk statistikk inkluderer digitaliserte publikasjonar i pdf-format, tabellar med tidsseriar som går bakover i tid, etter emne, historisk-statistiske analyseartiklar og norske folketeljingar.

Tabellar med historisk statistikk

Kor lang ein tidsserie må vere for at den skal kallast historisk, finst det ikkje noko eksakt svar på. Tabellar publiserte som historisk statistikk, er gjerne tidsseriar som går over 30 år, eller som ligg meir enn 30 år tilbake i tid.

Tabellane er delt inn etter Statistisk sentralbyrås noverande emneinndeling. Øvst på dei historiske emnesidene finn ein informasjon om den historiske statistikken innafor emnet. Tabellane er henta frå mellom anna publikasjonane "Historisk statistikk 1994", som gir rike perspektiv på den moderne historiske utviklinga i Noreg, og Statistisk årbok. På dei historiske emnesidene finn du også artiklar og publikasjonar.

hovudsida for historisk statistikk finn ein også eldre utgåver av "Historisk statistikk". Desse utgåvene kan i nokre tilfelle innehalde andre eller meir detaljerte tabellar enn 1994-utgåva.

Historisk-statistisk analyse

På SSBs nettsider finn du også historiske artikler med relaterte tabellar. Artikkelserien "Fra forrige årtusen" tek for seg tema som strekkjer seg 200 år tilbake i tid. Artiklane gir også fleire eksempel på statistikk som ”forsvinn”, anten fordi emna av ein eller annan grunn ikkje lenger interesserer, eller fordi verksemda som statistikken skulle beskrive, blir borte. Eksempel er krigsforlisa under den første og den andre verdskrigen, norske selskaps pelagiske kvalfangst, tømmerfløtinga i de største vassdraga og månadshyrer for sjøfolk på seglskip.

.
Spindebord for skraatobakk: Fotografi som er henta frå Statistisk sentralbyrås Fabriktællingen i Norge 1909, Fjerde hefte, Produksjonsstatistik

I tillegg viser vi til artikkelseriane "Statistikk og historie", "Statistikk mot år 2000" og "Hundre års ensomhet? Norge og Sverige 1905-2005". Artikkelseriane tek for seg ei rekkje tema frå det 20. hundreåret, der forfattarane trekkjer linjer frå byrjinga av hundreåret og fram til dagens situasjon.

Statistisk sentralbyrås jubileumsbok, "Faktisk talt. Statistikkens historie i Norge" (Universitetsforlaget 2001), ser blant anna på korleis politiske, kulturelle, økonomiske og faglege krav har forma statistikken, og kva for verdi statistikken har hatt for offentleg administrasjon, næringsliv og samfunnsdebatt. Les eit utdrag frå boka: ...men den statistisk-topografiske tradisjonen var ikke død. Artikkelen "Et flaggskip lastet med tall" tek for seg historia til Statistisk årbok.

Anna historisk statistikkmateriale

I Statistisk sentralbyrås Bibliotek og informasjonssenter finn du all offisiell norsk statistikk som er publisert. I publikasjonen "Fortegnelse over Norges offisielle statistikk og andre publikasjoner utgitt av Statistisk sentralbyrå 1828-1976" (NOS A 957) finn du ei oversikt over alle publikasjonar som er gitt ut i seriane Noregs offisielle statistikk, Statistiske analyser, Artikler, og Håndbøker fra SSB, organiserte både kronologisk og tematisk fram til 1976.

Ei viktig kjelde til historisk statistikk er folketeljingspublikasjonane. Les meir om folketeljingane på SSBs nettutstilling om folke- og boligtellinger ved tre århundreskifter. I SSBs bibliotek finn du også mykje anna historisk interessant materiale frå Noreg og andre land. Ein del av dette er registrert i BIBSYS, men ei rekkje eldre norske og utanlandske statistikkpublikasjonar er førebels berre registrerte i kortkatalogen i biblioteket, Akersveien 26, Oslo.