Norske folketeljingar

I 1769 hadde Noreg si første folketeljing, mens den førebels siste var i 2011. I alt er det gjennomført 22 landsomfattande folketeljingar i Noreg. I 1769 var det 723 618 personar i landet, og over 90 prosent av desse budde på landsbygda. Folke- og bustadteljingspublikasjonane er fylte med historie om liv og kvardag i Noreg i dei siste 200 åra.

Folke- og bustadteljinga 2011, resultat


Folke- og bustadteljinga 2001
Her finn du alle hovudresultata frå den store folke- og bustadteljinga i 2001. Les meir om hushald og hushaldas inntekter, dei ulike gruppenes bustadtilhøve, sysselsetjing, pendling og bustadteljinga på kommunenivå.
Les meir

Historiske folketal i kommunane
I kommunehefta finn ein folkemengda i alle kommunar frå 1769 til 2001. Vel fylke, deretter kommune, og til slutt tabell.
Kommunehefte

Folketeljingar gjennom 200 år
Les meir om folketeljinganes historie, koloniseringa av Bardu og Målselv, registreringa av taterar, middelklassens vekst og fall i Noregs offisielle statistikk, fruktbarheitsundersøkingane i mellomkrigstida og utfordringar knytte til innføringa av folkeregister og personnummersystem i Noreg.
Les meir 

Om "idiotar" og "tullingar" i statistikken
II hundre år samla styresmaktene informasjon om "dei sinnssjuke" gjennom folketeljingane. Det var ikkje berre lett, verken for dei som fylte ut skjema, eller for dei som la statistikken til rette.
Les meir


Folketeljingspublikasjonar

1769 | 1801 | 1835 | 1845 | 1855 | 1866 | 1876 | 1891 | 1900 | 1910 | 1920 | 1930 | 1946 | 1950 | 1960 | 1970 | 1980 | 1990 | 2001

Les meir om folketeljingane og folketeljingsforsøka før 1876:
1663-66 | 1701 | 1769 | 1815-1855 | 1865-1891


Nyttig for slektsgranskarar
Er du nysgjerrig på formødrene og -fedrane dine? Under folketeljinga i 1801, og alle frå og med 1865, måtte kvar person fylle ut eit eige skjema. Desse skjema er arkiverte på Riksarkivet og er tilgjengelege for publikum (men berre teljingane før 1920). Skjema er også digitaliserte, og det er mogleg å søkje i dei på Internett, sjå:

Digitalarkivet: Folketellingen 1801
Digitalarkivet: Folketellingen 1865
Digitalarkivet: Folketellingen 1875
Digitalarkivet: Folketellingen 1900
Digitalarkivet: Folketellingen 1910

Meir informasjon om alle folketeljingane i Noreg før 1920 finn du hos Riksarkivet og Registreringssentralen for historiske data.

Korleis såg Henrik Ibsens skjema frå folketeljinga i 1900 ut? Du finn det her.

Norden var tidleg ute
Folketeljingar er ikkje noko nymotens påfunn. Best kjente er vel teljingane som er nemnde i Bibelen, der dei blei kalla for manntal. På 1700-talet begynte europeiske land å halde folketeljingar som kunne gi grunnlag for ei statistisk beskriving og analyse av befolkninga. Og nordiske land var i så måte tidleg ute.
Les meir